Kystvegen Ålesund – Bergen skal primært gje internt samband i ein særdeles ressursrik og produktiv kystregion, skape større bu- og arbeidsområde, effektivisere transport og samferdsle og gi god tilknyting til hamner og sjøtransport.
Næringslivet i kystregionen produserer store verdiar og har gode føresetnader for å utvikle seg vidare. For at verksemdene skal kunne investere og ungdom satse på ei framtid her, må det leggast til rette med infrastruktur.
Kystvegen Ålesund – Bergen består av enkeltprosjekt på ulike stadie. Det handlar om å utbetre eksisterande vegar, korte inn omvegar og supplere der veg manglar.
Målet er gul stripe langs kysten frå Ålesund til Bergen!
Trass i mangelfull infrastruktur har regionen vår eit sterkt og variert næringsliv, men høge transportkostnader og til tider vanskeleg tilgang på arbeidskraft som
store utfordringar. For å utnytte verdiskapinga og potensialet i regionen mellom Ålesund og Bergen trengs det ein samanhengande veg langs kysten.
- Eit næringsliv i stadig raskare omstilling kan berre eksistere der det er tilgang på arbeidskraft med variert kompetanse.
- Ungdom med kunnskap og ambisjonar vil berre vere der det er tilgang på arbeidsplassar med varierte utfordringar og mogelegheiter.
- Små lokalsamfunn kan berre overleve dersom dei blir knytt saman med veg slik at folk og næringsliv får tilhøyrigheit til større bu- og arbeidsområde.
Kystvegen vil gi ny vekstkraft til næringsliv og lokalsamfunn!