Kystvegkonferansen
Samlar dei gode kreftene for å realisere Kystvegen Ålesund – Bergen
Kystvegen Ålesund – Bergen arrangerte konferanse på Quality Hotel i Ulsteinvik, 5. april 2018. Innleiarane sine bidrag:
INVITASJONEN:
Målet med konferansen er å synleggjere den noverande verdiskaping og potensialet for vidare vekst ved å realisere Kystvegen.
Fjord1-eigar Per Sævik kjem for snakke om reiselivssatsing i eit regionalt perspektiv, Roger Hofseth i Hofseth Aqua AS skal snakke om verdiskapinga på kysten. Stortingsrepresentant Helge Orten (Høgre) skal snakke om regjeringa sine framtidstankar, mens Jan Ove Halsøy, regionsjef i Norsk Lastebileigarforbund skal snakke om transportnæringa sin framtidstankar.
Styreleiar i 45-minuttsregionen Reidar Sandal skal ha innlegg om status for Kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora og tidlegare regionvegsjef i vest Olav Ellevset skal halde innlegget «Utfordringar, nytenking, rammevilkår og internasjonale trendar».
Det vert også innlegg om framtidas brubygging: Rovdefjordsambandet – vegvisar for morgondagens fjordkryssingar, men og korleis moderne teknologi vil gjere framtidas brubygging betre og billigare.
For Kystvegen Ålesund – Bergen er det viktig å samle kreftene frå Hordaland i sør til Møre og Romsdal i nord, aktørar som representerer det lokale næringslivet i dei tre fylka, personar med nasjonale verv, stortingspolitikarar og lokalpolitikarar for å sikre ein brei og stryka påverknad direkte mot regjeringsapparatet.