Vegvesenet har fått i oppdrag å utgreie ferjefri kryssing mellom Lavik og Oppedal. Kystvegen Ålesund – Bergen ynskjer å syne at det finst betre alternativ for fjordkryssing lenger ute.
Det eine er det såkalla «C2 alternativet» via Solund som var vurdert i stamvegutgreiinga av 1991 og lagt bort fordi ferjefri stamveg den gongen blei vurdert som «ikke realistisk i overskuelig fremtid».
På kystvegkonferansen den 30. oktober 2014 presenterer ingeniørfirmaet A Stab i Bergen eit nytt alternativ som ikkje har vore framme i debatten så langt.