Kystvegen er viktig for Sogn og Fjordane

I vedlegget kan du lese om tilstanden per i dag, og kva framtidige moglegheiter som ligg i utvikling av kystvegen.

 

Ferjefri kryssing av Sognefjorden

Ferjefri kryssing i ytre SognefjordenVegvesenet har fått i oppdrag å utgreie ferjefri kryssing mellom Lavik og Oppedal. Kystvegen Ålesund - Bergen ynskjer å syne at det finst betre alternativ for fjordkryssing lenger ute.

 

Det eine er det såkalla «C2 alternativet» via Solund som var vurdert i stamvegutgreiinga av 1991 og lagt bort fordi ferjefri stamveg den gongen blei vurdert som «ikke realistisk i overskuelig fremtid».

På kystvegkonferansen den 30. oktober presenterer ingeniørfirmaet A Stab i Bergen eit nytt alternativ som ikkje har vore framme i debatten så langt.

 

Les meir om det nye alternativet her (PDF)

Klikk på illustrasjon for større format.

Samferdsleministeren i Florø 25. januar

Under fylkesårsmøte til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, fekk Kystvegen Ålesund - Bergen presentere sine argument for samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

 

Her er PDF av presentasjonen som var vist for samferdsleministeren i Florø 25. januar.

Årsmelding 2013

Årsmøtet 2013 blei halde på rådhuset i Florø den 29. april. Fylgjande styre blei vald:


• Bengt Solheim – Olsen, (styreleiar)
• Jan Helgøy (nestleiar)
• Anders Riise
• Arve Helle,
• Lars Hellandsjø,
• Karstein Totland
• Eivind Hjellum / Karl Vidar Førde
(Eivind Hjellum var vald som styremedlem på årsmøtet. Frå 1. sept 2013 blei han tilsett som mellombels prosjektleiar og gjekk då ut av styret. Varamann Karl Vidar Førde rykka opp som fast styremedlem frå same tidspunkt. (styrevedtak 30.09.)


Årsmøtet valde fylgjande vararepresentantar til styret:
1. Karl Vidar Førde, 2. Bjørn Tømmerdal, 3. Dag Vaagen, 4. Dag Skansen, Bergen. Karl Vidar Førde gjekk i september inn som fast styrerepresentant.


I brev av 14. november bad Bergen kommune om at Dag Skansen blir friteken for vervet og at Asle Wingsternes går inn i hans stad. Dette er teke til vitande.

Styret har i perioden hatt 3 styremøter. Saker har i tillegg vore handsama pr e-post og telefon.


Treffpunkt Gullkysten (Kystvegkonferansen 2013) blei halde i Florø den 30. april. Arrangementet var eit samarbeid med Maritime Foreining som blei særdeles vellukka. Maritime foreining inviterte til ein middag med kåseri av Victor Normann, kvelden før konferansen. Det var god deltaking. Innkassering av deltakaravgift gav eit overskot frå konferansen.

 

Viktige saker i 2013/2014
Trasevalg for E39 gjennom Nordfjord og Sunnmøre. KVU for E39 Skei – Ålesund har lege til avgjerd i regjeringa lange. Kystvegen har engasjert seg i spørsmålet om kryssing av Sulafjorden, der eit ytre alternativ (Hareid – Sula) vil gi både ferjefri E39 og Kystveg. Kystvegen har støtta eit lokalt initiativ som har lukkast. Regjeringa har vedteke å føre E39 over Eiksundsambandet og Hareid. Del 2 av same KVU gjeld traseval gjennom indre Nordfjord. Dette er endå ikkje avgjort. Årsmøtet 2013 vedtok at Kystvegen ikkje skal engasjere seg i den saka ettersom den ikkje har direkte konsekvens for Kystvegen.

 

Kystvegen har også teke opp med SD om å utgreie eit ytre alternativ for kryssing av Sognefjorden i samband med planlegging av ferjefri E39. Dette kravet er også stilt frå fylkeskommunen. Litt uforståeleg har departementet stilt seg negativ til dette. Ferjefri kryssing av Sognefjorden har aldri vore tema for noko KVU eller tilsvarande utgreiing. Traseen over Lavik- Oppedal blei vald då ferjefri kryssing blei vurdert som ikkje aktuelt. Vi merkar oss at SD i si bestilling av utgreiing om tekniske løysingar bed om at også ferjeløysing skal vurderast.

 

RTP i Sogn og Fjordane
I desember vedtok Sogn og Fjordane fylkeskommune ein «Regional Transportplan» for 2014 – 2023. Kystvegen har gitt ei fyldig høyringsuttale og halde presentasjon for fylkespolitikarane. I handlingsprogrammet har vi fått inn to kystvegprosjekt: Tunnel Indrehus-Svelgen er 1. punkt i handlingsprogrammet etter Olden – Innvik som er i arbeid. Innkorta ferjesamband over ytre Nordfjord er på 4. plass. Kystvegen Måløy – Florø AS («45 minuttsregionen») har fått fram ein plan for bru over ytre Nordfjord som blir fremja i staden for nytt ferjesamband.


Ferdigstilte parsellar i 2013
I 2013 opna Bremanger II som er ei vesentleg innkorting av veg og køyretid mellom Florø og Måløy via Oldeide. I samband med dette tiltaket er det sett i gang ein noko hyppigare frekvens på ferja Måløy – Oldeide, men framleis ikkje timesferje som er ynskjeleg. I desember opna så Dalsfjordbrua som også blir ein viktig lekk i Kystvegen. Dalsfjordbrua har eit hovedspenn på 546 m. Saman med tilførselsvegar og omlegging av ein rasfarleg parsell på FV57 aust for Dale kosta tiltaket over 1 mrd.


Dalsfjordbrua er i første omgang eit lokalt samband som knyter saman kommunane Fjaler og Askvoll, men tiltaket har større perspektiv som del av kystvegen. Kystvegen må no prioritere arbeidet med samband mellom Flora og Dalsfjorden, inkludert kryssing av Førdefjorden. Dette er framleis den einaste staden langs kysten at ein ikkje kjem fram med bil, - verken ferje eller bru.

 

Styret har vedteke å få utarbeidd ein plan for heile kystvegen mellom Bergen og Ålesund. Vi har teke opp med Sogn og Fjordane fylkeskommune å få eit slikt arbeid inn i planprogrammet som fylkeskommunen skal vedta i juni. I MR har HAFAST og Rovdefjordbrua AS fått fram planar for fjordkryssingar og tilførselsvegar. I Hordaland arbeider Masfjorden kommune med å få fram plan for Masfjordbru og opprusting av FV570 Austfjordvegen. Det er såleis først og frems gjennom Sogn og Fjordane at vi manglar planar for ein samanhengande kystveg.

 

Styret 27. mai 2014
Bengt Solheim-Olsen   Jan Helgøy   Anders Riise    Arve Helle


Lars Hellandsjø    Karstein Totland    Karl Vidar Førde

 

Årsrekneskap 2013.PDF

 

Revisjonsberetning 2013 PDF

Kystvegen ein føresetnad for folkevekst

Kystvegen er ein føresetnad for ei meir positiv folketalsutvikling i Sogn og Fjordane.
Det er verken nytt eller uventa at Sogn og Fjordane sakkar etter resten av landet i folketalsutvikling. Folketalsframskrivingar syner at utsiktene til vesentleg endringar framover er små.

 

Vi skal ikkje påstå at dette har vore ei vilja utvikling, men Sogn og Fjordane, inkludert statlege utviklingsaktørar i dette fylket, har vore lite villige til å lære av andre kystfylke som har ei betre utvikling.

 

Les heile uttalen frå styret i Kystvegen oktober 2013 her

 

 

Bengt Solheim-Olsen
Prosjektleiar

T: +47 906 99 057
M: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.