Oppsummering "Treffpunkt Gullkysten 2013"

Kystvegkonferansen Treffpunkt Gullkysten 30. april 2013 og treffet "The Golden Gate" kvelden før er vel overstått. Nye band er knyta, og innspel frå dei ulike innleiarane har gjeve fornya energi til vidare målretta arbeid for kystvegen Ålesund-Bergen.

Mange gode bidrag og innspel gjorde at konferansen vart vellukka. Vi takkar alle for innsatsen, både innleiarar og deltakarane frå nær og fjern.

 

Under finn du PDF av dei fleste innlegga frå konferansen:

 

 

Kystvegkonferansen Treffpunkt Gullkysten i Florø 30.04.2013

Konferansen for inspirasjon og meiningsutveksling kring spørsmål om samferdsle.

Program Treffpunkt Gullkysten 30. aprilKystvegen Ålesund – Bergen arrangerer konferanse i Florø tysdag 30. april kl. 09:00-16:00 der merksemda er retta mot samferdsle og verdiskaping. Vi lover innhaldsrikt program med både informasjon om ulike kystvegprosjekt, innlegg frå næringslivstoppar og sentrale politikarar, samt rikeleg rom for utveksling av idear og synspunkt.

 

PDF av program Treffpunkt Gullkysten

 

PDF av program "The Golden Gate"


Bidrag ved:

  • stortingsrepresentant Svein Gjelseth (AP)
  • stortingsrepresentant Frank Bakke-Jensen (H)
  • stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen (FrP)
  • stortingsrepresentant Irene Lange Nordahl (SP) 
  • professor i samfunnsøkonomi Victor D. Norman 
  • fleire andre sentrale samfunnsaktørar.

 

Dagen før, måndag 29. april frå kl 18:00, arrangerer Maritim Forening Sogn og Fjordane og Maritim Forening Søre Sunnmøre «The Golden Gate» som avsluttast med middag og sosialt samvær.

DTreffpunkt invitasjonet er høve til å delta på berre konferansen 30. april eller begge dagane. Pris for dagskonferansen 30. april er kr. 1.200,- (inkludert lunch og pauseservering). Pris for begge dagane er kr. 1595,- (inkludert 3-rettars middag måndag kveld og lunch m.m. tysdag).

Du kan framleis melde deg på her.   

Overnatting må kvar enkelt organisere. Det er gjort avtalar om reservasjonar på to hotell.

  • Comfort Hotel Florø, tlf 57 75 25 55 eller mail Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. ,
    oppgi Kystvegkonferanse som referanse.
  • Quality Hotel Florø, tlf 57 75 75 75 eller mail Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. ,
    gje opp namn på konferansen og bestillingskode BAR5.

Det er avgrensa med rom, og først til mølla-prinsippet gjeld.

 

Flyruter til/frå Florø finn du her. Båtruter Bergen-Florø-Måløy her. Køyretid Ålesund-Florø ca. 5 timar, evt. fly via Bergen.

 

Spørsmål kan rettast til Kystvegen Ålesund – Bergen v/ Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , tlf 402 98 729, eller Maritim Forening Sogn og Fjordane v/ Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , tlf. 976 98 785.

 

Vi sjåast i Florø.

Bengt Solheim-Olsen
Prosjektleiar

T: +47 906 99 057
M: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.