Vegbygging er samfunnsbygging!
Trass i mangelfull infrastruktur har regionen vår eit sterkt og variert næringsliv,men høge transportkostnader og til tider vanskeleg tilgang på arbeidskraft som
store utfordringar. For å utnytte verdiskapinga og potensialet i regionen mellom Ålesund og Bergen trengs det ein samanhengande veg langs kysten.
- Eit næringsliv i stadig raskare omstilling kan berre eksistere der det er tilgang på arbeidskraft med variert kompetanse.
- Ungdom med kunnskap og ambisjonar vil berre vere der det er tilgang på arbeidsplassar med varierte utfordringar og mogelegheiter.
- Små lokalsamfunn kan berre overleve dersom dei blir knytt saman med veg slik at folk og næringsliv får tilhøyrigheit til større bu- og arbeidsområde.
Kystvegen vil gi ny vekstkraft til næringsliv og lokalsamfunn!